Øko-bibel-seminar

I møte med noko så stort og vanskeleg som den globale klimakrisa står vi framom eit val: Vi kan enten lukke augo og håpe at alt ordnar seg av seg sjølv. Eller vi kan komme oss opp av sofaen å prøve å gjere noko med saken. Somme vil kanskje meine at som kristen kan ein lene seg tilbake og la den allmektige Gud fikse biffen, og om verda går under så er jo det berre ein del av Guds plan uansett. Eller? Stemmer det verkeleg at Kristendommen er ein religion som ikkje vil ta ansvar i møte med store globale utfordringar? Svaret er åpenbart NEI, men kvifor det?

KFUK/KFUM er ein organisasjon som har eit stort engasjement i klima, særleg der det gjeld klimarettferdigheit. Kom på Øko-Bibel-Seminar for å forstå kvifor, og komme med dine meiningar i saka. Vi ser på tro og Bibel frå eit “økoteologisk” perspektiv. Eit måte å forstå Bibelen på som er nokså ny for vår tid, som har eit fokus på både Gud, menneske og naturen. Kom for å bli rusta som kristen i møte med klimaskepsis og globale utfordringar.

Torsdag 9. august

17:00 - Faith and Life